lørdag 3. mai 2008

Siste natt med gjengen

Lang dag. Siste dag i Kobe. I morgon går turen til Tokyo og Narita flyplass, og sundag morgon går flyet til Noreg. Det tyder at sjølv om me er på tur et par dagar til, kan det godt hende dette vert siste blogginnlegg frå Japan...

Men uansett. Dagen i dag.
Etter ein månad i Japan, opptil fleire dagar i Kobe, og masse sosialt samkvem med overlevande frå jordskjelvet i 1995, hadde me endå ikkje vore på jordskjelvmuseet i byen. Det gjorde me noko med i dag. Turen gjekk altså hit først på dagen:



Det var diverre ikkje lov å ta bilete inn på museet, men det vi såg der av filmar, rekonstruering og modellar, gjorde inntrykk. Då me gjekk ut av kinosal nr. 1 og gjennom rekonstruksjonen av raserte gater og øydande brannar inn til kinosal nr. 2, byrja ei jete på kanskje 6-7 år som var der med foreldrene sine å gråte av frykt. Ho var utrøsteleg gjennom heile neste film, og snudde seg vekk og holdt seg for øyrene til me var ute igjen.
Enorme krefter, enorme øydeleggjingar. Ei tragedie av dei store.

Etter museet var vi ein tur på byn før me tok toget til Rokko Island for å delta på "Teens", ein undgomskveld i kyrkja der. I kyrkja vart me møtt av, foruten misjonær Liv Bakke, misjonær Harry. Harry er musikar av yrke, frå Finland, og utsending for FLM. Han leda ei lovsangsstund før det var tid for gjennomgang av katekismen(den lille). Kveldens tema var den tredje bønna i Fadervår. Sikkert oppbyggeleg for dei som kan japansk :-)


Harry lærer tenåringane ein ny lovsong.

Liv laga vaflar til oss. Namnam.



Me nordmenn skulle bidra med ein leik, og det tok Maria seg av på ein utmerka måte. Japan, ønsk skjerfleken velkommen!
Det slo an og engsjerte lokalbefolkinga. Berre sjå:





Her blir eg ute, då eg får begge sjala rundt halsen samstundes. Det går ikkje, sedu.

Etter Teens, hadde me nachspiel med kveldsmat på ei lokal kneipe, som Akiko(som går på bibelskulen her i Kobe) visste om. Særs triveleg. Her ser du gjengen:

Frå venstre: Yngve, Kyle(som snakka ganske bra norsk), Akiko, Taka(som også kunne norsk, han har gått på vgs i Noreg), Håvard, Maria. Chris tar bilde.


Maria er skeptisk. Åsmu...Håvard er meir interessert i teiknefilmen dei viste på puben.

Men med det seier me i EasyPeasy-redaksjonen takk for oss for denne gang. Takk til deg, vyrde lesar, som har fulgt med. Me snakkast!

Og til i morgon: COYI!

Dagens sitat:
Maria: "Dersom jeg begynner å le umotivert, er det bare fordi jeg ser for meg Christian gape mens han hopper som en sel på Yngve."

6 kommentarer:

Ak sa...

Ehm? En natt i Tokyo uten hotell??? Høres ikke bra! Her bør vel reiseleder ta ansvar og ringe til Capsule Inn om ikke annet? Hilsen bekymrede foreldre :-/

Anonym sa...

Har det vært en fin måned i Japan da? Rart at det blogges 3. mai når vi bare er kommet til 2. mai gitt... Jeg gleder meg til du kommer hjem til Norge, Maria! :) Da må du komme til meg, jeg er blitt veldig gla i is, så det passer fint.... Kommer du? :)

Narve sa...

ALTSÅ! På tide japanerane lære se nokken nye poseringe??? Litt kjipt hvis alle bilda til neste års siembra dekkes av ymse V-tegn i hytt å pine.

maria celine sa...

Mamma: Det går jo fint! Ikkje tæænk på det.. Hvis det hjelper kan du late som jeg sover på hotell ;)

Ragnhild: Jeg vil jeg vil!

silje sa...

KOM HEIM! eg ska vaske mens eg høre på pony the pirate. men rommet ditt ser ut som et bombenedslagsfelt. det er 17 grader i skyggen i dag. velsignelse.

narve: Y (det er tegnet for ei v-hånd)

Ingar T. Hauge sa...

Kyle kjenner vi jo. Og Harry. Gode mennesker. Savner dem.