mandag 14. april 2008

Hiroshima

Nok ein lang dag med mykje meiningsfullt innhald. Me stod opp tidleg idag og reiste ilag med Kirsti til Hiroshima, og det var litt av ei oppleving. Me befinn oss faktisk i det einaste landet som verkeleg veit kva atomvåpen og atomkrig inneber. Og i dag reiste me altså til ein av to stadene der atomkrigens sanne andlet kom til syne. Veldig sterkt og veldig tankevekkjande.


I dag er det ein stor minnespark i Hiroshima, med eit stort museum. Huset på biletet er det gamle rådhuset, og står som eit minnesmerke. Trur rådhuset befann seg nokonlunde rett under der bomba vart detonert.


"Før" biletet, morgonen 06.08.45. Rådhuset er det med kuppel oppe til høgre.


Og "etter". Hiroshima er jevna med jorda. Skremmande våpen, den bomba der.


Den raude kula viser kvar bomba vart detonert.

Eg kunne lagt ut drøssevis med bilete frå museet, men det er kanskje ikkje alle som finn denslags like interessant som meg. Men sjå gjerne desse to videoane på YouTube, den eine syner litt av kva krefter ei atombombe har, og den andre er ein amerikansk propagandafilm frå 50-talet som er retta mot barn. Artig å sjå.
Atomeksplosjon - og til sjøss.
Duck and cover!

Etter muséet og parken i Hiroshima tok vi ein liten båttur ut til øya Miyajima, kor det er eit shintoistisk tempel, og, til vår store glede, eit akvarium! :-D


Båttur. Var veldig fint vèr i dag, Chris gjekk i shorts og greier.


Vakker natur, idyllisk strandpromendade, tempel i bakgrunnen, og...


...frittgåande hjort i massevis! Chris fekk ein ven for livet etter å ha vunne denne stirrekonkurransen.


På akvariet hadde dei mykje rart, men det finst ein viss fascinasjon for pingvinar innad i gruppa. Difor var valget lett når me skulle finne eit dyr å "ta bilete i lag med".

Vel attende i Fukuyama utpå ettermiddagen varte det ikkje lenge før herr og fru Kobayashi møtte opp og tok oss med på ein helaften med ein bedre middag og eit særs behageleg opphold på japansk bad. Ingen bilder derifrå, tru det eller ei.
Og kjære Silje Pilje: Det han spela på var eit opphavleg italiensk instrument som han kalla "okarin" eller noko i den duren.

Så no er me ganske sengeklare alle i hop. Hadet bra.

Men vent litt. Me må ha eit par kåringar.

Dagens sang: Megadeth - Rust in Peace, frå plata med same namn. (Gary Moore kom på ein god andreplass.)

Dagens politisk bevisste thrash metal-platecover frå 80-talet: Nuclear Assault - Game Over.

Dagens sovande japanar:


Dagens M3-ar:

Kenneth, som trossar sjukdom og anna naud for misjonens skuld i Etiopia. Hyll hyll!

Dagens hekkfjell:


Eg har forresten funne meg ein japansk favorittbrus, så dette blir vel Dagens brus:

Real Gold.

Dett var dett.

10 kommentarer:

Sovesveis sa...

Hermejapannestenesere! Men det bildet med før og etter eksplosjonen er ganske illustrerende likevel :)

Det gjorde stort inntrykk på oss også...

Har de økt blodprisen på 2,50 NOK for å komme inn på museet?

Litt urettferdig at dere fikk øytur - ingen ville fortelle oss at det var noe særlig før vi var der.

Godt å høre at dere endelig fikk tatt et japansk bad - håper det falt i smak! Flott at Yngve og Chris fikk litt kvalitetstid sammen nakne :D

andersu-san

PS (til Inger): Saken om sumobryting var på trykk bare uker etter vi kom tilbake fra vår tur, men det ble dessverre ikke plass til noe dame-sumo :(

Sovesveis sa...

En ting til: Hils Kaori hvis dere skulle dumpe bort i henne i Hiroshima!

silje sa...

Nei skulle du SETT! Ein Ocarin! Far til ei kjær venninne av meg lagar slike. På idylliske Jelsa i Ryfylke. Interesserte kan finne ut meir her: http://www.lislebo.net/ocarina_web/index.php?option=com_content&task=view&id=12&Itemid=2

Eg skal kjøpe meg ein ocarin i Japan.

silje sa...

lettere: www.ocarina.no

takk

Anonym sa...

Skasje eg starta ein krangel...men eg trur at de du kalle rådhus va ein slags udstillingshall itte ka eg huske.... Wikipedia omtale de og som Hiroshima Prefecture Commercial Exhibition o.l. Så eg velge å tru at minne mitt står te...

Ingar T. Hauge sa...

Heter det okarin, ocarin, okarina eller ocarina på norsk? Spillentusiast som jeg, går jeg nok for Ocarina. Det brukes både på japansk og engelsk, så da er jeg sikret.

Duck and Cover minner meg forøvrig om ett av mine første møter med South Park. Kort oppsummert: Duck and Cover funker elendig mot et vulkanutbrudd.

Yngvegutt sa...

Anders: Framleis 2,50 for å kome inn. Ran og flåeri...

Loff: Trur det var omtalt som "City Hall" på museet, så då gjekk eg for rådhus i omsetjinga.

Anonym sa...

Maria: Det betyr at du ikkje kan ete noko som luktar løk (også purre, grasløk osv)?
Anders: Der er nok fleire enn ei som heiter Kaori i Hiroshima. Det er kanskje betre sjanse å treffe henne i Oda til helga.

maria celine sa...

Inger: Det stemmer :)

Ingar T. Hauge sa...

Angående Atombombedomen som det gamle rådhuset nå kalles, så var det ca. 150 meter fra hyposenteret (altså eksplosjonens sentrum), så i atombombesammenheng blir det så godt som rett under bomben. Så var det klarlagt.