fredag 11. april 2008

Kyoto

I dag har me vore på dagstur til Kyoto, den gode gamle hovudstaden i landet. Til alt hell og lykke vart Astrid-san med på turen, og viste oss rudt. Utrulig knall, ettersom me då slapp både å rote med kart, lure på kvar me skulle gå etc. Astrid visste kva som var verdt å få med seg og kva kaffisjapper som hadde god kaffi(og kakao), så dette vart ei fin oppleving. Det me såg i Kyoto var hovudsakleg tempel av ymse slag, og fine hagar; gjerne ein kombinasjon av dei to. Japanarar er dyktige på å lage fine hagar og store tempel, sedu. Etter ei fin stund i Kyoto tok me tog attende til Kobe, kor me sa farvel til Astrid-san og gjekk på shopping. Det vil seie, Maria gjekk på shopping, Christian gjekk stort sett og såg seg rundt, og eg spelte skytespel på arkdaden. Moro. Me klarte til og med å manøvrere ein drosje heilt opp til der me bur, ganske godt gjort tatt i betraktning at det sjåføren kunne av engelsk var "right", "left" og "straight". Men kva meir treng ein? :-) Jaja. Bilete:

Tempel.


Reisefølget. Astrid-san guidar og fortel.


Frøken Japan-Tourist 2008 poserer villig i høgkulturelle omgjevnader.


Kjøp ei treplate, skriv ei bøn på den, heng an opp her. ME såg ein del sånne "knaggerekkjer", ein stad vart det lovd bønnesvar den første sundagen i månaden. Eg har mine tvil.


...især til bøner som denne. Etter dette veit me iallefall meir om den saken. COYI!


Sjå kor stor brokkoli dei har her i Japan, Maria! :-D


Fin utsikt. Ser du forresten likskapen med dette?



Drikk av denne kjelda, og du får god helse og hell i studiene dine. Kall meg gal, men eg tvile.

Og no, for fyrste gong i denne bloggens historie: Ein liten filmsnutt.

Vonar den verkar, tok smerteleg lang tid å laste opp...


Prov for at eg og var med på turen. Forresten. Kan du finne linselusa i dette bildet?


Pent.


Japansk bygate av den gamle skulen.


Attende i Kobe skulle me finne vegen til eit kjøpesenter, og dette biletet er veldig talande for kor mykje me visste om kvar me skulle gå. Då me brått oppdaga at me spaserte gjennom eit japansk baseball-lag på trening la me fort to og to saman og kom fram til at me var på ville vegar. Me vart av det hjelpsomme baseball-laget peika i riktig retning, til mykje latter og v-teikn. Me fann fram ikkje lenge etter.


Som sagt spelte me spel og shoppa. Ser det kjent ut, Ingar? :-)


Eg fekk ikkje lov av Maria(av ei eller an uforståeleg grunn) til å legge ut bilete av ho med kleda ho kjøpte i dag på seg. Så her kjem ei erstatning, og ei ikkje spesielt dårleg sådan: Ein mann som tar bilde av kona si, knispa dette bilnkskuddet i går.

Til slutt, eit par kåringar.

Dagens blomsterbilde:


Dagens sovande japanar:


Dagens litteraturanbefaling: Ikkje les "Den Mørke Materien". Nettopp ferdig med trilogien; den var kjip. Spar deg.

Dagens blogginnlegg:
Etiopiaposten! Dei leve!! :-D

Dett var dett for i dag. I morgon går turen til Fukuyama og Kirsti Strand.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Hohohoho! Maria! Du er linselusa! Men den fineste linselusa jeg vet oM! Seppå så fin! :D

silje sa...

eg vil se filmen! og eg vil se maria i sine fine kler :)

Ingar T. Hauge sa...

Skal si, Silent Hill: The Arcade har jo ikke kommet ut i Europa ennå. Dere vet å prioritere, forstår jeg. Ta dere en runde med Tekken 6 når dere først er i gang.

Taito Station er kjent, ja. Har faktisk ikke vært innom, har aldri hatt tid, men det virker gøyalt.

Den Mørke Materien har jeg lest. Ikke det beste jeg har lest, men jeg likte faktisk serien. Bøkene er i det minste betraktelig bedre enn filmen.

maria celine sa...

Haha, klart jeg ikke vil at sånne bilder av en hyper og hoppende Maria skal publiseres ;) Men jeg har gjort mange kupp, blant annet en lang singlet med en slags blondekant/strutteskjørteting nederst på. Den kan brukes under alle typer lange topper - og er fashin i Japan.
En enkel materiell glede for Maria :)
Gled deg til Japan, Siljemor!

Anonym sa...

oioi, ja det var fin brokkoli! hehe

Narve sa...

JA! E har venta på bilde av Maria i strutteskjørt å knestrømpe i mange daga alt no!

Anonym sa...

Kjekt å sjå at de har det bra. Men nokon filmsnutt fann eg ikkje...
Bra at det japanske ordforrådet blir utvida litt etter litt, for eg trur ikkje de kjem så langt med "ni hau".