onsdag 23. april 2008

I Japan er ting annleis enn heime....


...dei har til dømes samuraiarFanta-flaskene.(Litt nødløsning på overskrift i dag.)

Med andre ord har det ikkje skjedd så forbausande mykje idag. Men litt.


Me har vore på Harpestranda. Eller var det "Den Syngande Stranda"? Eller "Den Gråtande..."? Eg minns ei. Uansett lagde sanden lyd når du gjekk på an.

Et stykke bortanfor stranda med lyd i, var det ein liten kai der dei i gamle dagar sendte sølv frå sølvgruvene i området med båt. Det var også, tru det eller ei, eit...


...shinto-tempel(den karateristiske porten me ser her syner at templet er shintoistisk og ikkje buddhistisk)...


...på ein knaus. Et trist syn møtte oss oppe på knausen. Guddommen, som dei hadde bygd tempelet for, viste seg å vere........


Ein sabla gråstein. Chris: "Du ska be lenge til den før du får någe svar."

Me køyrde litt vidare, og kom til ein landsby der dei hadde eit par tempel som om ikkej anna var fine å sjå på, men også, til Chris' store glede, ein rasande festleg "amusement spot". Sjå kor han kosar seg i barnsleg fryd.




Me køyrde endå litt vidare, og kom til nokre gamle krukke-brenneri. Men best av alt, som de kanskje ser i bekgrunnen: Bambus-skog. Eg fekk til slutt prøvd klatreevnene mine i bambustre, til nokre lokale japanarar si store undring. Merkelege skikkar desse europearane har.



Vel attende i Nima, etter ein bedre middag, ville Maria på død og liv bade(ettersom ho feiga ut igår), og det kunne ho visst ikkje gjere åleine. Eg måtte fint kle meg om og vere med å bade. Chris dokumenterte.


Badenymfene.


Oppdrag utført. Bada i Japanhavet: Check.

Maria kjøpte seg forresten ein kjole i går til 100 kr. Koss tar den seg ut, spør du deg nok. Vel, du skal sleppe å lure lenger. Hepp:



No er det pakking på programmet, ettersom me skal opp tidleg i morgon og ta tog til Matsue og Inger Valbø. Takk for eit fint opphold i Nima, Lars!

Dagens.

Dagens sang: Tenacious D - Master Exploder. Heilt. Utrulig. Fenomenalt. Bra.

Dagens ord: "Skjåsj". Ifølge Maria det guttar har på seg når dei badar.

Dagens album: Arch Enemy - Rise of the Tyrant.

Dagens....
Vel. Chris ser på han som ein helt. Sjølv ser eg meir på han som "synes-synd-på-objekt". Stakkars mann.

John Arne Riise.



Eg syns iallefall synd på han. Det er jo ikkje første gangen i år heller, berre sjå her. Sukk. Eg syns synd på han.

Jaja. Dett var dett.

7 kommentarer:

Ingar T. Hauge sa...

Kanskje sanden sukker, slik som dørene i Hitchhiker's Guide to the Galaxy? Hvem vet...

silje sa...

du, eg håper ikkje at dåkke e annleis i japan.

Andreas sa...

Sabla nordmann som störer for LFC.. :P Jaja. Gratulasjoner til Chris og Smetten.. (som forövrig jublet bra da det smalt 21 sekunder etter endt tilleggstid..)

In other news: Slitan med kjole og bading Maria!

Anonym sa...

Hehe....ja, jag kunde inte hålla mig...

Och första matchen i den nya chelsea-dräkten slutade gott =0)

Hehe...så de tillber gråstenar i Japan? Då tycker jag att det är bättre med träd som det är här i Kina...

你好 !

Sovesveis sa...

Vi ler litt av de to R-er: Riise og Ronaldo (Uten noe som helst form for sammenligning utover det...)

Godt å se at det meste er ved det samme i Nima (- Kari da...). Fint med et gryende Japan-misjonengasjement hos de nye spirene :) De gamle spirene var hos Opperudo sense i forrige uke og hadde Japanmøte på misjonsforening.

Ellers er jeg fornøyd med kjolebilde, men ikke så veldig Manga-stil (!?).

Dere er feige på mat, men bra på bading (i motsetning til trege Loff og Petter)

Chris sa...

Hey Anders! EG spise alt eg får servert... ikkje grei alle under ein kam. Yngve og Maria forbedrer seg også, faktisk spiser de også alt de tåler...

Har prøvd alle funksjonane på doa her nå, digg til varmtvannet tar slutt...

Yngvegutt sa...

Eg og et alt eg får servert... Men får eg bestille sjølv, kjøre eg seift :-)