tirsdag 8. april 2008

Sayanora Tokyo, ni hao Hamamatsu

Eg kan ta feil, men det blir sikkert færre og færre bilete på bloggen her, etter at me har så godt som har komt over begeistringa over å vere i eit nytt land, og at alle effektane på dei nye kameraene våre er utforska. Men frykt ikkje, her kjem nokre til.

Me har i dag tatt avskjed med Tokyo og CJ, og reist med shinkansen til Hamamatsu. Kvifor akkurat Hamamatsu, spør du nok. Av di då me bilde-googla byen fekk me opp et fint bilde og bestemte oss for å reise dit. Easy peasy.
Etter ei natt i kapsel og to netter på et lite hostel, satse me no friskt og ligg på intet mindre enn Grand Hotel i Hamamatsu. Veldig OK.
Koslig plass, Hamamatsu. Mindre travelt enn Tokyo, mindre folk, finare--> kosligare. Me har vandra litt rundt i byen i dag, på jakt etter Canada Dry ingefærøl, fånyttes. Finst denne søte nektar eigentleg? Vil me nokongong kjenne dens forfriskande smak leske våre tørre struper? Eg er neimen ikkje sikker, etter å ha sjekka over 100 brusautomatar. Jaja.

Men: Bilder.

Etter å ha meistra metroen som berre det, var det litt komplikasjonar med å finne fram til rett shinkansen avgang. Men det gjekk seg til, det.




Me kjøpte oss munnbind for ikkje å skilje oss så veldig ut, og lettare få innpass hjå dei lokale. For meir om kontekstualisering og bruk av munnbind, sjekk appendiks C hos Hiebert 1978 og Hesselgrave 1982 s. 34-47.


Japanarar har det med å sove på offentlege stader, t-bane, tog og MacDonald's især. Her er dama som satt ved sidan av meg på shinkansen, ho sovna medan ho skreiv ei melding på mobilen sin. Ho våkna med eit rykk då eg mista ein mynt på golvet medan eg la kameraet vekk.


I Hamamatsu spelte me skytespel...


...åt middag på...


...Mos Burger(veldig god mat)...


...og drakk kaffi på Starbuck's. Ikkje eg då, sjølvsagt. Eg åt sjokolade.

No er me attende på Grano Huteru, som taxisjåføren kalte det, og slappar av. Her illustrert ved meg og Chris:



Me ladar opp til ei tøff natt, jet-lagen skal ikkje få lov til å gi seg enno. I kveld, kvart på ni, skal nemleg West Ham møte Portsmouth heime, og Chelsea får besøk av Fenerbache. Det betyr at kampstart er kl 03:45 japantid. Eg vonar på reprise av dette, og Chris vonar sikkert på noko sånt. COYI.

Kulturanbefalingar:
Dagens klassikar: Scorpions - Tokyo Tapes. Blir aldri forelda.
Dagens sang: Waa - I'm Menstruating, frå plata La Dolce Vita.
Dagens musikkvideo: Thomas Toget møter 50 Cent.
Dagens bok: Per Magne seier denne er bra.

Det var alt for denne gang. Hare bra.

12 kommentarer:

silje sa...

STARBUCKS! eg harsje tenkt over det faktum at eg får døyve kaffitørsten med STARBUCS COFFEE i japanarland. å glede. det er digg å lese bloggen dåkkas!

silje sa...

oi eg glømte ein k.

dyslektikarsilje

ps: eg spilte alias og måtte mime "Lese og skrivevansker".

Yngvegutt sa...

troll i ord

Kathrine Løsnesløkken sa...

Starbucks! Hvilken herlighet.
Har dere spist sushi enda? Det er ganske pen mat, egentlig.

Ingar T. Hauge sa...

Er det Time Crisis dere spiller på arkaden? Neat. Arkade er vel kanskje en nødvendig kulturopplevelse i Japan, det også?

Canada Dry er vanskelig å oppdrive på automater nå for tida, så vidt jeg forstår. Men om dere går på en vanlig dagligvareforretning eller kiosk (f.eks. Lawson eller 7-11) skulle dere kunne finne det. Det heter Canada Dry på japansk og (uttales "Ca-na-da Do-rai" da, riktignok), så regner med at dere finner den flotte brusen.

Dagens utfordring: Lær dere å sove på toget på ekte japansk vis - stående.

Ingar T. Hauge sa...

Og forresten: Hva er dette med bruken av ni-hao? Dere er da på feil side av Gulehavet til å kunne bruke det ordet. Eller er bare savnet etter Kina-gutta så stort? Regner med vi går for den...

Sayonara er forøvrig korrekt.

Ak sa...

Men vi venter jo spent på bilder av Maria som ung japansk dame med strutteskjørt, også får vi bare bilder av de to unge herrer forkledd som unge japanske menn.... :-/

Anonym sa...

gratla me nye sveis bro! hehe..Såg meget digg ut! EG hadde lett vert me!

Solveig sa...

Yngve, du greier nå å sno kroppen din på alle slags måter..
Kos dere i Hamamatsu.
:) Gøy reiseblogg!!

Gunhild Marie sa...

Eg blir misunneleg. Eg vil vere med på tur.

Anonym sa...

Takk for en artig og godt oppdatert reiseblogg! Gøy å lese og se bilder :)

Anonym sa...

Eg ser at Ingar har gitt råd om den søte drikken. De kan også leite etter Ginger Ale på ein vanleg butikk. Er de ute og et, kan de spørje etter "jinjaa eeru".
Elles kan eg opplyse om at eg har Mos Burger som nesten næraste nabo.
Velkomne på besøk!
PS: Yngve, har du bestemt tema for preika?