mandag 21. april 2008

Søndag i Nima og omegn

Ein lang søndag i korte trekk:


Først var det søndagsskule. Matsumoto-san leiar allsangen.


Ingue-san talte, Rashi-sensei omsette. Dagens tekst: Fil 2:5-11. Forutan tre norske studentar og ein norsk misjonær, var det sju personar i forsamlinga, deriblant 3 barn.

Før øvrig var det ein i forsamlinga som under kyrkjekaffien hevda at Yngve likna på Michael Jackson frå sida. Samd? Me køyrer ei avstemning til høgre. Her har alle stemmerett, kvinner som menn, unge som gamle.



Maria fekk ein ny venn.


"Ser du Ling med lange fletten? Hun har sprunget hele sletten For å spørre Jesus om Hvorfor han til Japan kom." Sangboken, nr. 799.


Me var og såg på eit shinto-tempel som hadde fått seg ny stråfletteting. Grattis. Kasta du ein mynt oppi der og fekk den til å henge, betydde det lykke.

Kinky Nippon Tourists.

Me gjekk deretter på ein historisk museum for Shimane fylke. Der var det diverre ikkje lov å ta bilete, men det inneholdt ein del arkeologiske funn av krukker, verktøy av tre og ymse metall, samt ein del modellar og rekonstruksjonar av korleis ting såg ut i riktig gamle dagar. Og ikkje minst hadde dei masse tøy som dei farga og laga mønster på med ein spesiel teknikk. Ja, og så hadde dei ei imponerande sverdsamling.
Dagens høgdepunkt kom då me skulle sjå ein 20 minutters film om eit gudesagn på museet. Særs gode stolar, og tatt i betraktning at heile gjengen hadde vore oppe til langt på natt kvelden i førevegen for å sjå fotball(hepp, hepp og hepp), gjekk det ikkje lang tid før alle fall i svevn, Lars minst diskré av alle. Hihi.


Me åt kveldsmat på Mos Burger før me var på kveldsgudsteneste i Izumi.


Der var det Kari Helene som talte over Joh 14:1-14. Me fekk med oss ein del, takka vere Lars' iherdige omsetjing. Etterpå hadde me ein god drøs med presten i kyrkja, før me vendte nasen heim igjen, trøtte som fiskar.

Dagens....

Dagens helt:

Lars Hals. Ikkje berre fører han bilen med meisterleg stø hand, men er ein dreven omsetjar. Han har verkeleg fått kjørt seg når norske studentar skal preike eller ha samtale med japanske pastorar. God kokk er han óg. Heidra heidra!

Dagens sang: Bippity Boppity Boo.

Dagens japanske teikn:


Smileyen!

Dagens gladsak: Yngve fann igjen mobilen sin, som han trudde han mista i Tokyo tredje dagen. Den låg i PC-veska hans.

Ånei, no har eg og begynt å skrive i 3. person....

Dagens sitat: Etter å ha sett ørten japanarar gi pengar i tempel, før dei klapper i hendene, bukkar og ber, går me forbi ei ung dame som nettopp har kjøpt seg ein bønnelapp, og står og bretter den saman for å henge han opp i eit tempel. Chris' kommentar: "Det e billig å vær kristen."

Amen.

Dett var dett.

1 kommentar:

Ingar T. Hauge sa...

Japansk smiley uttales tsu. Men det visste dere sikkert allerede.