torsdag 17. april 2008

Ni-Ma

Nima, dag 1.

Me stod opp nokonlunde utkvilte til ein god frukost hjå den eminente Lars Hals, og på dagsprogrammet stod det engelskundervisning kl 1400 og bønnemøte kl 1930. Etter frukost tok me oss like gjerne ein tur rundt i nabolaget, og tok litt bilete.
Men først, alle mødre/tanter/bestemødre/andre som uroar seg for korleis dei unge håpefulle har det ute i den store vide verda: Her bur me for tida:


Her bur eg og Chris, på eit rom med tatami-golv.(Sånt strågolv.)


Maria bur i 1. etasje, vegg i vegg med...


...kyrkjerommet.


I andre etasje, der me karane bur, er det ei stue med ein kjøkkenkrok. Her ser me Chris(i sofakroken) djupt konsentrert i å følge med på verdas gang. Me gjekk på ein smell nyss; det tok faktisk ei veke eller så før denne nyhenda kom fram til Japan. Men så er me trass alt på den andre sida av jorda.

Men me gjekk som sagt på tur i nabolaget. Me kan sjå Japanhavet(på andre sida av det ligg Korea) frå kjøkenbordet, og påturen tok me oss fram til ei lita strand. Berre sjå her:


Frå venstre: Japanhavet, Japan, Maria, ein måse, meir av Japan.


Maria fann ein stein, og bortsett frå den var det ikkje så mykje spanande på stranda. Me såg forresten også ei and som dreiv og dykka litt utpå sjøen, den underholdt oss et par minutt.



Engelskundervisning med Lars, for to japanske fruer.(Eg fekk ikkje begge med på eitt bilete, og så gadd eg ikkje laste opp endå eit nesten likt bilde. Sumi masen.) Timen endte med gjennomgang av Markus 6:30-44, og samtale over teksten. Ingen av fruene er kristne.

Dei japanske fruene var veldig hyggelige, og syns Maria var veldig "cute", "she looks like a doll." Me karane var veldig "cool".


Lars laga ein meget god og tradisjonsrik japansk middag til oss, som bestod av nudler, svinekjøtt og litt grønsaker. Namnet, spør du? Yaki soba.


På bønnemøtet om kvelden kom det tre lokale, og Maria hadde ein liten andakt. Lars var omsetjar. Den eine dama, fru Matsumoto Midori, hugsa godt Magnar og Dag Erik frå då dei var på praksis her for to år sidan. Ho hadde bilete av dei på mobilen sin og greier. Skulle helsa :-)

Det har falt seg slik at eg har berre tatt eit einaste bilete av meg sjølv i dag, og det vart dårleg. Så her er eit bilete som er nokre dagar gammalt, her er me i Himeji. Eg er for fyrste gong i ein dyrehage, og stortrivst.



Så. Kåringar.

Dagens sitat: Yngve, til Chris og Maria(med ei djup og myndig stemme): Må eg sitta mellom dåke? (Chris og Maria kan ikkje sitje fint ved bordet, og eg er trass alt eldst.)

Dagens sang: The Kinks - Dead End Street.
Dagens band: The Kinks.
Dagens låtskrivar: Ray Davies.
Dagens album: The Kinks - The Ultimate Collection.

Hadet bra.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Me må ha gjort lide (evt. dårligt) inntrykk, me og traff hu damå ifjor. Jaja...ellers minnes me godt tiå i nima. Gå litt tur rondtforbi (Petter e egentligt den så burde sagt dette, ittesom han gjekk mest) de e ein på alle måtar likandes plass...

Ellers min støtte te dagens utvalgte musikkinnslag...

Ingar T. Hauge sa...

Åååååh, yakisoba. Jeg kjenner bitterheten blir større og større parallellt med suget etter alt som smaker av Japan. You rucky peopre.

Andreas sa...

Lingvistisk notis:
Ni Hao Ma? (Tonemønster 1/2 3-3-NH) betyr faktisk "Har du det bra" på kinesisk. Ni-ma vil da bety noe sånt som "Er det deg?"

Ellers kult å høre om engelskkurs som inkluderer Skriften. Bra bra.

maria celine sa...

Loff! Vi snakka om de to fordi dama huska at en nordmann ho hadde møtt før også hadde vokst opp i afrika. det måtte jo være magunaru serusustå :)